camping-ny

camping-ny

Camping i Florø året rundt

EFINOR Camping Krokane, ein av Norges vestligaste campingplassar, ligg lunt til ved fjorden, 2 km frå Florø i Sogn og Fjordane. Vi har lagt tilrette for fisking, dykking og bading. Ein har eit godt utgangspunkt for turar langs kysten eller inn i landet.

Vi har 19 vinterisolerte kvalitetshytter av ulike storleikar, dei fleste med dusj/wc, som kan leigast heile året. Dette er eit billeg alternativ til overnatting på hotell. Resepsjon utanom turistsesongen på Krokane Gard.

EFINOR Camping Krokane ligg lengst vest i Norge ved Solheimsfjorden, ca 2 km få Florø sentrum, ca 4 km frå flyplassen og 3 km frå hurtigrute- og hurtigbåtkai. Florø er lett tilgjengeleg med fly, båt, buss og bil: Frå Oslo eller Trondheim ca.8 timar med bil, frå Bergen eller Ålesund ca. 4 timar. Ekspressbåtar frå Sognefjorden, Bergen og Selje. Flysamband frå Oslo og Bergen. Ekspressbuss-samband frå Oslo, Bergen,Trondheim og Ålesund. Hurtigruta stoppar i Florø på nord- og sørgåande rute. Resepsjonen på Krokane Gard er open heile året. Sesongopen resepsjon på campingplassen 01.06-31.08.

Fasilitetar

19 hytter av høg standard, 16 som har PlusCamp standard. 3 hytter er handicap tilgjengeleg. Sjå oversikt: Hytter. Alle hytter har TV og er vinterisolert. Sanitæranlegg har dusj, wc og vaskerom. Handicaptoalett. Kan forhandsbestille hytter og båtar, men ikkje plassar for telt eller caravan. Skifterom for dykkarar med høve til reingjering, tørking og oppbevaring av dykkerutstyr. Det er lagt tilrette for sløying, røyking og frysing av fisk.

Her er familiebadestrand, og fine svaberg for bading for dei litt eldre. Båtutleige, snorkling og dykkeaktiviteter. Sjå Prisar.

Campingplassen har kiosk og det er berre 2 km til kafe og restaurant.

Tilbod i området

Florø sentrum er koseleg med eit maritimt preg. Her er godt utval i all serivce- og handelsnæring. Om sommaren er det mange turisttilbod som t.d. havfiske og turar til øyane. Her er og eit kystmuseum, og det er diverse turløyper rundt om i området. 1 km til Havhesten badeland.

Turistkontoret

Turistinformasjonen kan stå til teneste med opplysningar om området, og tilby turar som td. fyrsafari, brevandring, havfiske.

Finn meir informasjon på: fjordkysten.no

For spørsmål til turistkontoret:
E- mail: mail@fjordkysten.no
Tlf: 57 74 30 00
Telefonnummeret til turistkontoret er betjent heile året, også når turistkontoret er stengt for sesongen.

Andre overnattingstilbod

Ønskjer du rimeleg overnatting med hotellstandard  er Efinor Florø Hotell eit godt alternativ. Og skal du overnatte i nabobyen Førde, kan vi tilrå Efinor Apartments Førde.